Eit utval saker av Maria Lavik

Her er utval av saker eg har laga dei siste to åra.

Våren 2018 hospiterte eg i den tyske avisa Die Tageszeitung, Taz. Her skreiv eg mellom anna ein artikkel på tysk om den norske abortlova og statsfeminismen.

Under tysklandsopphaldet skreiv eg fleire nyheitsreportasjar om den nye kraftkabelen som blir bygd mellom Noreg og Tyskland. Denne reportasjen i Klassekampen frå anleggsarbeidet på tysk side viser kvifor Tyskland ønsker ein slik kabel. Denne reportasjen i Dagens Næringsliv presenterer vinnarar og taparar på norsk side.

Frå Tyskland skreiv eg også nyheitsartiklar om striden rundt den tyske abortlova, og om det norske selskapet Hero sine forsøk på å etablera seg i Tyskland.

I 2019 har eg skrive fleire saker for Klassekampen. I haust har eg møtt eks-kjendis og nyfrelst fagforeiningsmann Paul Olai-Olssen, som leiar Foodora- streiken. I tillegg har eg skrive meir essay-liknande tekstar som tek opp aktuelle diskusjonar rundt flyskam og kjøtskam. Eg har også fått skrive kommentarartiklar om alt frå russisk hiphop til barnefattigdom i Noreg.