Om Maria Lavik

Eg heiter Maria Lavik, eg arbeider som frilansjournalist i Oslo og spesialiserer meg på tema innan økonomi, arbeidsliv og likestilling. I tillegg elskar eg å skriva portrettintervju med folk som har ei god historie å fortelja. Målet mitt som journalist er å skriva om kompliserte tema på ein lett og likefram måte. Eg skriv helst på nynorsk, men er også god i bokmål. Eg kan gjera intervju på engelsk og tysk.

Eg er utdanna historikar frå Universitetet i Bergen og University of Cape Town og har gått på journalisthøgskulen i Oslo. I tillegg har eg ein master i økonomisk historie frå London School of Economics.

Tidlegare har eg arbeidd som journalist og vaktsjef i NRK for radioprogramma Ukeslutt, Dagsnytt Atten og Søndagsavisa, i tillegg til å jobba som nettreporter for nrk.no. Dei siste fire åra har eg arbeidd som vaktsjef i Klassekampen, med kortare vikariat som økonomijournalist i same avis. Våren 2018 hospiterte eg i den tyske avisa Die Tageszeitung gjennom organisasjonen IJP. Eg er no i eit års permisjon frå Klassekampen.

Eg tek greie bilder når det trengst, og har mellom anna teke eigne bilder til firesiders nyhetsreportasje i Dagens Næringsliv. Eg tek på meg både korte nyheitsoppdrag og lengre saker. Du kan nå meg på lavik@email.com.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s